Betre parkeringstilbod ved kollektivknutepunkt
– Vi må gjere det enklare å reisa med kollektivtransport inn til bysentrum. Betre parkeringstilbod ved kollektivknutepunkt kan bidra til å styrkje kollektivtransporten. For mange som i dag nyttar personbil på heile reisa mellom heim og arbeidsstad, kan betre parkeringstilbod føre til at ein i staden vel kollektive reisemåtar for delar av strekninga.Dette seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen i samband med at Samferdselsdepartementet har invitert til eit møte 22. august i år for å drøfte korleis utbygging av såkalla innfartsparkering kan bidra til pendlarar vel å parkere privatbilen