Internasjonalt regelverk og samarbeid – for bruk av IKT i transportsektoren

Report this content

- Internasjonalt regelverk og samarbeid over landegrensene er viktig for å ta i bruk informasjonsteknologi, IKT, som kan gjera transport av personar og gods tryggare, meir miljøvenleg og effektiv. Slikt  regelverk og samarbeid  vil også vera tenleg for dei mange norske verksemdene som utviklar og tilbyr nye og avanserte løysingar for drift og styring av transportsystemet, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.

- Samferdselsdepartementet vil no setja i gang arbeid med sikte på at det såkalla ”ITS-direktivet” skal innarbeidast i EØS-avtalen. Direktivet tar for seg rammene for innføring av ”intelligente transportsystem”, ITS, på vegtransportområdet. ITS-direktivet legg til rette for at vi får eit transportsystem som heng godt saman, også over landegrensene. Eg har merka meg at direktivet  synest å ha teke omsyn til personvernet på ein forsvarleg måte. I den vidare oppfølginga av direktivet vil eg ha eit særleg auge til personvernet, seier samferdselsministeren.

- I Noreg ligg vi alt langt framme når det gjeld ITS og bruk av informasjonsteknologi i transportsektoren. Statens vegvesen har mellom anna gjennom mange år arbeid godt på dette feltet.
 
- Over budsjettet til Samferdselsdepartementet blir det gitt midlar til interesseorganisasjonen ITS-Norge som arbeider med å fremja bruk av IKT i transportsektoren.Departementet bidrar også med midlar til forskingsprogrammet ”SMARTRANS” i regi av Noregs forskingsråd.  Dette forskingsprogrammet skal styrkja kunnskapsgrunnlaget når det gjeld næringslivet sine transportar og fremja smarte  transportløyvingar som er miljømessig berekraftige og energieffektive. Innanfor programmet er det mellom anna sett i gang ei rekkje prosjekt der ITS-løysingar blir nytta i samband med logistikk- og transportoppgåver, seier samferdselsministeren.

Samferdselsdepartementet har bede Vegdirektoratet om å førebu innføringa av ITS-direktivet i Noreg. Direktoratet skal vurdera behovet for endringar i lover og forskrifter. I tillegg skal direktoratet vurdera om det bør opprettast eit nasjonalt ITS-råd for å sikra god informasjon om mellom anna internasjonale standardar som blir gjeldande for ITS-området.  

For fleire opplysingar – sjå:


For meir informasjon - ta kontakt via:

  • Pressevakta i Samferdselsdepartementet, tlf.: 919 14 777 (kvardagar kl. 08-16)

Tags: