Internasjonalt regelverk og samarbeid – for bruk av IKT i transportsektoren
- Internasjonalt regelverk og samarbeid over landegrensene er viktig for å ta i bruk informasjonsteknologi, IKT, som kan gjera transport av personar og gods tryggare, meir miljøvenleg og effektiv. Slikt regelverk og samarbeid vil også vera tenleg for dei mange norske verksemdene som utviklar og tilbyr nye og avanserte løysingar for drift og styring av transportsystemet, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.- Samferdselsdepartementet vil no setja i gang arbeid med sikte på at det såkalla ”ITS-direktivet” skal innarbeidast i EØS-avtalen. Direktivet tar for seg rammene for