Nasjonal reiseplanleggjar og elektronisk billettering: Betre og meir kundevennlege løysingar

Report this content

– Vi må gjere det meir attraktivt og lettvint å velje kollektive reisemiddel. Lett tilgjengeleg og påliteleg reiseinformasjon og enkel billettering er viktig for å få enda fleire til å reise med kollektivtransport.

Dette seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen i samband med at Samferdselsdepartementet har invitert representantar for verksemder innanfor kollektivtransporten, NSB, fylkeskommunane, Statens vegvesen og Forbrukarrådet til eit møte den 22. august.

– Det er gjort mykje arbeid med ein nettbasert nasjonal reiseplanleggjar, og ulike elektroniske løysningar for elektronisk billettering er no i drift mange stader i landet. Erfaringane lokalt viser at elektroniske løysningar og bruk av ”app’ar” er til glede for både dei reisande og trafikkselskapa. Samstundes er det for lite kommunikasjon på tvers av kollektivselskapa. Vi må gjere grep som meir effektivt samlar reiseinformasjon for heile landet og gir et tilbod for reiser på tvers av kollektivselskapa.

– Målet med møtet er for det første å komme fram til tiltak som gjer at elektroniske løysingar blir meir tilgjengeleg og enklare for dei reisande. I tillegg er målet at desse løysingane skal bidra til meir effektiv drift og administrasjon i transportverksemdene, seier samferdselsministeren.

Tags: