Nasjonal reiseplanleggjar og elektronisk billettering: Betre og meir kundevennlege løysingar
– Vi må gjere det meir attraktivt og lettvint å velje kollektive reisemiddel. Lett tilgjengeleg og påliteleg reiseinformasjon og enkel billettering er viktig for å få enda fleire til å reise med kollektivtransport.Dette seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen i samband med at Samferdselsdepartementet har invitert representantar for verksemder innanfor kollektivtransporten, NSB, fylkeskommunane, Statens vegvesen og Forbrukarrådet til eit møte den 22. august. – Det er gjort mykje arbeid med ein nettbasert nasjonal reiseplanleggjar, og ulike elektroniske løysningar for elektronisk