Statens vegvesen får fullmakt til å fjerna køyrety

Report this content

​Regjeringa har gjort framlegg om endring av vegtrafikklova, slik at òg Statens vegvesen skal kunna fjerna køyrety som er til hinder for framkome. Fram til i dag er det berre politiet som kan treffa slike vedtak, men no får Statens vegvesen den same retten. - Lovendringa vil gjera det lettare for vegstyresmaktene å sikra framkome på vegane, særleg i situasjonar med snø og glatte vegar, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.

 

Tal frå Statens vegvesen syner at utanlandske køyrety er overrepresenterte på statistikken over køyrety som treng assistanse. Når det gjeld storleiken på denne farten, opplyser Statens vegvesen at det på dei største grenseovergangane mellom Noreg og Sverige passerte inn om lag 340 000 køyrety med over 12,5 meters lengde dei første månadane av 2006. Det er lite som tyder på ein nedgang i denne trafikken dei siste åra.

Når det gjeld fysisk fjerning av køyrety er Viking Redningsteneste den største aktøren i denne marknaden. Viking Redningsteneste vil i 2010 ha utført i underkant av 15 000 bergingar av tunge kjørety. Om lag 40 prosent av desse bergingane vert utførte om vinteren.

Lovendringa vart vedteken av Stortinget 6. desember i år og trer i kraft så snart ho er sanksjonert av kongen.


For fleire opplysningar – sjå:
• Prop. 9 L (2010–2011) Endringar i lov 18. juni 1965 nr. 4 om vegtrafikk (endringar relatert til ruspåverka køyring m.m.). 10. Heimel for Statens vegvesen til å fjerne og ta i forvaring køyrety som er til hinder for trafikken (29. oktober 2010)


For meir informasjon – ta kontakt via:
• Pressevakta i Samferdselsdepartementet, tlf.: 919 14 777 (kvardagar kl. 08-16)

Tags: