Statens vegvesen får fullmakt til å fjerna køyrety
Regjeringa har gjort framlegg om endring av vegtrafikklova, slik at òg Statens vegvesen skal kunna fjerna køyrety som er til hinder for framkome. Fram til i dag er det berre politiet som kan treffa slike vedtak, men no får Statens vegvesen den same retten. - Lovendringa vil gjera det lettare for vegstyresmaktene å sikra framkome på vegane, særleg i situasjonar med snø og glatte vegar, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.Tal frå Statens vegvesen syner at utanlandske køyrety er overrepresenterte på statistikken over køyrety som treng assistanse. Når det gjeld storleiken på