PRESSEMELDING: Eg kan ikkje sove no nominert til den største tyske bokprisen
Stein Erik Lunde (forfattar) og Øyvind Torseters (ill.) biletbok Eg kan ikkje sove no som kom ut på Samlaget i 2008 er nominert til den viktigaste tyske bokprisen, Deutscher Jugendliteraturpreis, saman med to tyske og to franske biletbøker. Vinnaren blir kåra under bokmessa i Frankfurt til hausten. Her i Norge fekk Eg kan ikkje sove no Kulturdepartementets pris for beste bildebok i 2008. I fjor kom boka ut på det tyske kvalitetsforlaget Gerstenberg under tittelen “Papas Arme