Samlaget lanserer e-bøker gjennom Bokskya
Samlaget lanserer om lag 50 ebøker når Bokskya opnar 4. april. Bøker av mellom andre Ragnar Hovland, Frode Grytten, Olaug Nilssen, Jon Fosse, Brit Bildøen, og Are Kalvø vert å finne på portalen.Samlaget her eit ansvar for å spreie nynorsklitteraturen i størst mogleg grad, og vil sikre at fleire av forlagets mest populære titlar vil vere tilgjengelege for nettbrettlesarane frå første stund. Konstituert direktør i Samlaget, Tom Skovdahl seier dette om lanseringa: - Det at vi får ei brei lansering av norske e-bøker gjennom Bokskya er spennande. Ingen veit kor stor denne marknaden vil