PRESSEMELDING: Bjørnsonstipendet 2011 til Jan Roar Leikvoll
Prisen vert delt ut kl 15 i dag under ein sermoni på Bjørnsonfestivalen.Leikvoll debuterte i 2008 med Eit vintereventyr, og i 2010 kom oppfølgjaren Fiolinane. Leikvoll er ein original forteljar som tør å gå heilt eigne vegar. For dette har han hausta unison ros frå kritikarar og lesarar. Bøkene til Leikvoll er kjenneteikna av eit brutalt, rått, men samtidig vakkert og kjenslevart språk, der yttergrensene av menneskelig erfaring blir portrettert med nådelaus realisme. Eit vintereventyr blei omtalt som ein «mirakuløs debut» og ei "svart perle", mens Fiolinane vart kalla eit mesterverk av