Pressemelding: Nynorsk litteraturpris til Jan Roar Leikvoll

Report this content

Fiolinane kåra til den beste boka på nynorsk i 2010

Noregs Mållag, Det Norske Teatret og Det Norske Samlaget deler kvart år ut ein pris for den beste boka på nynorsk eller dialekt i siste året.

Prisen vart delt ut under Noregs Mållags landsmøte på Sand i Suldal 08.04.2011.

Fiolinane er mørk, vakker og brutal. I ruinane av eit samfunn, der det er den sterkastes rett som gjeld, følgjer vi ein ung mann i hans kamp for å overleve.

Jan Roar Leikvoll(f. 1974) debuterte med romanen Eit vintereventyr i 2008. Med Fiolinane (2010) stadfesta han at han er ein av dei sterkaste og mest originale stemmene i ny norsk litteratur

Bøkene til Leikvoll er kjenneteikna av eit brutalt, rått, men samtidig vakkert og kjenslevart språk, der yttergrensene av menneskelig erfaring blir portrettert med nådelaus realisme. Leikvoll er ein original forteljar som tør å gå heilt eigne vegar, og for dette har han hausta unison ros frå kritikarar og lesarar: Eit vintereventyr blei omtalt som ein «mirakuløs debut», mens Fiolinane har blitt kalla eit «mesterverk».

    

Elizabeth M. Nome, marknadskonsulent Samlaget Litteratur, 48 31 94 34, e.nome@samlaget.no

Samlaget, sentralbord: 22 70 78 00, www.samlaget.no , www.facebook.com/samlaget , www.twitter.com/samlaget

Tags:

Multimedia

Multimedia