Pressemelding: Nynorsk litteraturpris til Jan Roar Leikvoll
Fiolinane kåra til den beste boka på nynorsk i 2010Noregs Mållag, Det Norske Teatret og Det Norske Samlaget deler kvart år ut ein pris for den beste boka på nynorsk eller dialekt i siste året. Prisen vart delt ut under Noregs Mållags landsmøte på Sand i Suldal 08.04.2011. Fiolinane er mørk, vakker og brutal. I ruinane av eit samfunn, der det er den sterkastes rett som gjeld, følgjer vi ein ung mann i hans kamp for å overleve. Jan Roar Leikvoll(f. 1974) debuterte med romanen Eit vintereventyr i 2008. Med Fiolinane (2010) stadfesta han at han er ein av dei sterkaste og mest originale