Håkon Kolmannskog ny forlagssjef i Det Norske Samlaget
Håkon Kolmannskog (f. 1974) er tilsett som ny forlagssjef for Samlaget Litteratur. Stillinga inneber overordna ansvar for redaksjonell utvikling, produksjon og marknadsføring. Kolmannskog er i dag forlagssjef i Forlaget Manifest, som han var med på å starte opp for fem år sidan. Under hans leiing har Forlaget Manifest blitt eit markert og leiande forlag for debattbøker og engasjert sakprosa. Kolmannskog har før dette vore kronikk- og debattredaktør i Klassekampen. Han er tidlegare leiar i Norsk Målungdom, ungdomsorganisasjonen til Noregs Mållag. – Dette var ein sjanse eg