PRESSEMELDING: Alf Helleviks Mediemålpris 2011 til sportsjournalist Harald Thingsnes
Harald Thingnes i NRK Sport er tildelt Alf Helleviks Mediemålpris. Thingnes får prisen for sitt konsekvente og ledige nynorsk i ein bokmåldominert journalistisk sjanger.Harald Thingnes er ein av få nynorskbrukarar i eteren som formidlar sport. Mange skuldar sportsjournalistar for å bruke eit klisjefylt og lite gjennomtenkt språk. Nemnda, som er samansett av leiar Audhild Gregoriusdotter Rotevatn, Harald Stanghelle og Ingvild Bryn ynskjer å framheve at Thingnes viser at sport kan formidlast på ein levande og ekte måte, med eit godt, fargerikt og samstundes normalisert og korrekt nynorsk.