Om oss
UNE blei oppretta ved lov av 30. april 1999 nr. 22 om endringer i utlendingsloven. UNE har vore i aktivitet sidan 01.01.2001. UNE er administrativt underlagt Arbeids- og inkluderingsdepartementet (AID) og behandlar klager på Utlendingsdirektoratets (UDI) vedtak etter reglane i utlendingsloven , utlendingsforskriften. og statsborgerloven. UNE er eit politisk uavhengig forvaltningsorgan under Arbeids- og inkluderingsdepartementet (AID). Departementet kan ikkje instruere om lovtolking, vurdering eller avgjerder i enkeltsaker (unntatt i saker som gjeld omsynet til rikets tryggleik eller utanrikspolitiske omsyn). Styringa må skje gjennom lov og forskrift. Utover dette kan departementet instruere om prioritering av saker og om organisatoriske og administrative forhold.