Nektar å gje opp kampen for arbeidsgjevaravgifta
Nektar å gje opp kampen for arbeidsgjevaravgifta - I tida framover må me arbeide for å sikre at kompensasjonsmidlar blir ført attende til distrikta slik Stortinget har bede Regjeringa om. Kompensasjon for den differensierte arbeidsgjevaravgift kjem ikkje av seg sjølv, seier Dag Henrik Sandbakken, nyvald leiar i kommunenetteverket i Sør-Noreg. Kommunenettverket for dei såkalla DA-kommunane, kommunar som er råka av auka arbeidsgjevaravgift, var samla 24. mars for å oppsummere situasjonen etter at den gamle ordninga med differensiert arbeidsgjevaravgift blei avvikla ved årsskiftet.