Fem månader – og alt fungerer etter planen

Report this content

Det har no gått fem månader sidan Waves4Power kopla bølgjekraftverket ved Runde til det lokale norske elnettet gjennom Tussa Energi. Og det er over ein månad sidan Kong Harald V under ein folkefest i Fosnavåg stod for den offisielle opninga av denne norske industrisatsinga.

Bølgjeforholda har variert mykje dei fem månadene som kraftverket har vore innkopla, men vi kan konstatere med stor glede at alt har fungert etter planen.

Waves4Power en no inne i ein intensiv periode med testing og analyse av WaveEl 3.0, bølgjekraftsbøya ved Runde samt alle komponentane systemet består av. Resultatet av analysene gir selskapet viktig informasjon som basis for utviklinga av neste generasjon av bølgjekraftverk – WaveEl 4.0, den løysinga som skal setjast i serieproduksjon av bølgjekraftanlegg i Norge.

Waves4Power har også styrkt organisasjonen med Magnus Rahm som ny teknisk sjef. Han har mangeårig erfaring med utviklinsarbeid, blant anna innan bølgjekraft. Rahm starta i stillinga 1. oktober 2017.

For meir informasjon, kontakt:

Jonas Kamf, CMO (Chief Marketing Officer) +46 706 64 36 25, jonas.kamf@waves4power.com

Waves4Power er et svensk selskap med hovedkontor i Gøteborg som utvikler og selger fossilfrie energisystem basert på bølgekraft. Waves4Power fokuserer på holdbarhet, servicevennlighet og lønnsom elproduksjon. Kjernen i W4P bølgekraftsystem er en kraftgenererende bøye med elastiske forankringer. Selskapet har utviklet den siste generasjonen av bølgekraftsverk etter at prototypen av WaveEL-bøyen ble lansert utenfor Vinga i Sverige i 2010. I dag arbeider W4P med et nettverk av kommersielle industrielle partnere og i nært samarbeide med blant annet Chalmers Tekniska Högskola i Gøteborg.  www.waves4power.com

Tags:

Multimedia

Multimedia

Quick facts

Det har no gått fem månader sidan Waves4Power kopla bølgjekraftverket ved Runde til det lokale norske elnettet gjennom Tussa Energi. Og det er over ein månad sidan Kong Harald V under ein folkefest i Fosnavåg stod for den offisielle opninga av denne norske industrisatsinga.
Tweet dette