Fem månader – og alt fungerer etter planen
Det har no gått fem månader sidan Waves4Power kopla bølgjekraftverket ved Runde til det lokale norske elnettet gjennom Tussa Energi. Og det er over ein månad sidan Kong Harald V under ein folkefest i Fosnavåg stod for den offisielle opninga av denne norske industrisatsinga. Bølgjeforholda har variert mykje dei fem månadene som kraftverket har vore innkopla, men vi kan konstatere med stor glede at alt har fungert etter planen. Waves4Power en no inne i ein intensiv periode med testing og analyse av WaveEl 3.0, bølgjekraftsbøya ved Runde samt alle komponentane systemet består av.