Ny E134 over Haukeli: Regjeringa har valt løysing
Regjeringa har avklart at vidare planlegging av ei utbygging av E134 over Haukeli skal ta utgangspunkt i dagens veg mellom Grostøl i Odda kommune i Hordaland og Vågsli i Vinje kommune i Telemark.Dette inneber ny trasé i dagens korridor, med to lange tunnelar - ein på kvar side av Røldal. - Avklaringa er eit viktig steg vidare i prosessen fram mot ei framtidig utbygging av vegen over Haukelifjell, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.- Endeleg prioritering av utbygginga vil bli tatt stilling til i samband med komande Nasjonal transportplan. Det arbeidet er vi no er i gang