Utlysing av anbod for helikopterruta Værøy – Bodø
Samferdselsdepartementet har i dag lyst ut anbod for drift av helikopterruta Værøy - Bodø for perioden 1. august 2011 - 31. juli 2014. Flyselskap i alle EØS-land er inviterte til å levere anbod.Anboda må oppfylla dei krava som Samferdselsdepartementet har fastsett for drifta av ruta. Slike krav omfattar mellom anna billettprisar, setekapasitet og talet på flygingar på strekninga. Einerett til drift av ruta vil bli gitt til det selskapet som har det lågaste kravet til godtgjersle frå staten. Flyselskapet som får einerett til drift av ruta må ha gyldig lisens for drift av flyselskap i EØS-