Postens bankplikt framleis viktig
Ein ny rapport syner at banktransaksjonane i nettet til Posten berre er om lag 10 prosent av nivået på byrjinga av 1990-talet, men om lag 15 000 – 25 000 kundar er i dag framleis avhengige av banktenestene som Posten tilbyr. – Dette er noko vi må leggja vekt på når vi no gjennomgår den nye postlova, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.Copenhagen Economics har på oppdrag frå Samferdselsdepartementet utgreidd behovet for banktenester i nettet til Posten Norge AS. I rapporten vert det konkludert med at bankplikta for Posten kan opphevast heilt eller delvis. - Når volumet av