Internett: Toppdomenenamn med norsk vri og identitet
- Om nokre år kan vi på Internett ha domenenamn som sluttar med til dømes .oslo og .rogaland. Noreg er det første landet i verda som har gjennomført ei vurdering av behovet for nye toppdomene med norsk tilknyting. Interessa frå styresmakter i andre land har vore stor.Dette seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa i samband med at ho i dag har motteke ein rapport om behovet for nye toppdomene med norsk identitet på Internett. Utgreiinga, som er utarbeidd av ei arbeidsgruppe på oppdrag frå Samferdselsdepartementet, tek òg for seg retningsliner og tildelingsprosedyrar for val av