Doblar løyvingane for å redusera dyrepåkøyrsler
Ein ny handlingsplan inneheld ei rekkje tiltak for å få ned talet på dyrepåkøyrsler. Løyvingane skal doblast frå og med 2012.-Talet på dyrepåkøyrsler er no rekordhøgt. Det tek eg på alvor. Vi vil arbeida systematisk for å snu utviklinga. Eg har varsla ei dobling av midlane til dette arbeidet i komande seksårsperiode, frå 5 til 10 millionar årleg. Auken vil koma frå og med 2012-budsjettet, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa etter å ha fått overlevert den nye handlingsplanen mot dyrepåkøyrsler. Det var Samferdselsdepartementet som i fjor haust bad Jernbaneverket om å