Meir likeverdig konkurranse mellom norske og utanlandske lastebilar
- Eg ønskjer betre kontroll med innanlands godstransport med lastebilar som høyrer heime i andre EØS-land. I dag har transportørar frå andre EØS-land høve til å driva mellombels innanlands transport, med tre turar i løpet av sju dagar. For å kunna kontrollera denne regelen meir effektivt blir det no sendt på høyring eit framlegg til endring i forskrift om internasjonal transport. Endringa vil føra til at den utanlandske transportøren skal leggja fram dokumentasjon for både last inn til Noreg og dei innanlandske transportoppdraga, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.- Kravet