42 millionar kroner til betre tilgjenge i kollektivtrafikken
- Desse midlane skal bidra til å gjera reisekvaliteten betre for alle kollektivreisande ved auka tilgjenge, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa i samband med at Samferdselsdepartementet i har tildelt 42 millionar kroner til ulike tiltak for meir tilgjengeleg kollektivtrafikk.Føremålet med tilskotsordninga er å bidra til raskare og betre koordinert innsats frå alle aktørar i arbeidet med å betra tilgjenget i kollektivtransporten. Enkle og effektive løysingar er blitt prioriterte, og innsatsen er konsentrert til strekningar og knutepunkt med mykje trafikk. Den statlege ordninga