Ny avtale mellom staten og Hurtigruten ASA: 34 hamner – 7 dagar i veka – heile året!
- Kystruta Bergen - Kirkenes betyr mykje for folk og næringsliv langs kysten. Eg er difor glad for at vi no har fått på plass ein avtale som sikrar daglege avgangar heile året frå alle 34 hamner.Dette seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa i samband med at staten og Hurtigruten ASA har inngått ein avtale om statleg kjøp av sjøtransporttenester på kystruta Bergen - Kirkenes for perioden 2012 - 2019.- Selskapet får høve til å ta ut skip i inntil 22 dagar til festivalar og liknande utan trekk i godtgjersla, seier samferdselsministeren. Avtalen trer i kraft 1. januar 2012 og