Miljøkrav i EU-direktiv skal bidra til å redusera klimagassutslepp i vegtrafikken
- Nye miljøkrav knytt til offentlege innkjøp av køyretøy skal bidra til å fremja omsetninga av bilar og bussar med låge utslepp og lågt energiforbruk. Dette seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa i samband med at regjeringa truleg vil innføra eit EU-direktiv om fremje av reinare og meir energieffektive køyretøy i norsk rett i siste halvdel av 2011.- Etter ein jamn auke sidan 2000, har det i 2008 og 2009 vore ein gledeleg nedgang i klimagassutsleppa frå vegtrafikken. Avgiftsregulering, lågare utslepp frå nye personbilar, og krav til innblanding av biodrivstoff, har bidratt til