Oslo lufthamn, Gardermoen: Grønt lys for utbygging av terminal 2
- Utbygging av terminal 2 vil sikra ei vidare positiv utvikling på Gardermoen. Samstundes vil ei slik utviding koma heile landet til gode. Det er no opp til styret i Avinor å ta ei endeleg avgjerd i denne saka, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.Samferdselsdepartementet har i dag vedteke å fornya og endra konsesjonen til Oslo Lufhavn AS. Dette opnar for at Oslo Lufthavn AS kan byrja arbeidet med terminal 2-prosjektet (T2), ei utviding av terminalbygget ved Oslo lufthamn, Gardermoen. Det er venta at flytrafikken på Austlandet vil veksa dei neste åra. Påbygging av