Trafikktryggleik: Automatisk måling av gjennomsnittsfart på 11 vegstrekningar i 2011
- Statens vegvesen har evaluert tre vegstrekningar med automatisk måling av gjennomsnittsfart. Evalueringa viser redusert ulukkesrisiko med opptil 35 prosent. Eg har difor gitt grønt lys til at vegvesenet i år kan setja i verk slike målingar på ytterlegare 11 vegstrekningar, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.Evalueringa til Statens vegvesen syner mellom anna at risikoen for dødsulukker på E6 ved Dovreskogen er redusert med om lag 35 prosent som følgje av automatisk måling av gjennomsnittsfart (streknings-ATK). Sjåførane køyrer om lag 9 km/t saktare enn før tiltaket blei