Tidleg busetjing gir varig busetjing. Innlegg av landbruks- og matminister Terje Riis-Johansen
Landbruks- og matdepartementet har sendt på høyring forslag til ei rekkje lovendringar i odelslova, konsesjonslova og jordlova. Høyringsfristen er 5. mai 2008.Eg foreslår å skjerpe bu- og driveplikta, samstundes som reglane skal bli enklare og klårare. Fleire vil bli pålagt buplikt. Det blir varig driveplikt for alle.Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at det bur folk på ca. 80% av landbrukseigedomane. Dette er mitt utgangspunkt. Det fortel oss at dagens politikk fungerer, og det fortel også at det er eit potensial for at det kan kome folk på fleire eigedomar enn i dag slik at dei kan