Samferdselsministeren vil ha statusrapport for ekspressbussmarknaden
Samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa vil i løpet av 2011 få utarbeidd ein statusrapport for ekspressbussmarknaden. – Samferdselsdepartementet vil gjerne vita meir om tenestetilbodet, marknaden og inntektsgrunnlaget for ekspressbussane, seier statsråden.I Nasjonal transportplan for 2010-2019 finst det ein eigen omtale av ekspressbusspolitikken. - Regjeringa ønskjer eit meir tilgjengeleg kollektivtilbod med fleire avgangar, kortare reisetid og auka regularitet. Ekspressbussmarknaden høyrer naturleg med i ein samla strategi for kollektivtransporten, seier statsråden. På lange og