Nytt vegtilsyn på Voss frå 2012
- Tilsynsoppgåvene til Statens vegvesen skal leggjast til ei eiga eining direkte under vegdirektøren. Det skal vera eit tydeleg organisatorisk og styringsmessig skilje mellom tilsynsverksemda og anna verksemd i etaten. Vegtilsynet skal vera på plass første halvår 2012 og leggjast til Voss, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.Vegtilsynet får ved oppstart 5-10 tilsette. Det skal mellom anna føra tilsyn med at staten, fylkeskommunane og kommunane har naudsynte system for å oppfylla fastsette krav til tryggleik. Opprettinga av vegtilsynet er i tråd med handsaming i Stortinget