Lovendring: Statens vegvesen kan no fjerna køyrety som hindrar framkome
Frå i dag kan Statens vegvesen fjerna køyrety som er til hinder for framkome. Berre politiet hadde denne retten tidlegare. – No vert det enklare for vegstyresmaktene å raskt sikra framkome på vegane våre. Dette er viktig, særleg med tanke på vinterføre med snø og glatte vegar, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.Kongen i statsråd sanksjonerte i dag Stortinget sitt vedtak til lov om endringar i vegtrafikklova. Endringane blir sette i verk straks, og gjev Statens vegvesen retten til å treffe vedtak om fjerning av køyrety på lik linje med politiet. Utanlandske tunge køyrety