Kulturministeren opnar den 23. Førdefestivalen
Kulturminister Anniken Huitfeldt har stadfesta at ho kjem til Førde i juli, og vil stå for den offisielle opninga av den 23. Førde Internasjonale Folkemusikkfestival.Dette skjer på opningskonserten Coexistence –Sameksistens, torsdag 5. juli kl 20.00 i Førdehuset, der eit 40-tals musikarar frå heile 14 land vert presentert.–Vi ser fram til å ta imot kulturminister Anniken Huitfeldt når ho vitjar Førdefestivalen for første gong, seier direktør Hilde Bjørkum. – Og vi gler oss til å presentere ein konsert med store internasjonale artistar og musikktradisjonar som har utvikla seg gjennom