Revidert nasjonalbudsjett 2011: Meir til fornying av jernbanen
- Jernbaneverket brukar i år 2,8 milliardar kroner til vedlikehald og fornying. I Oslo-området har dei fått dei pengane som dei klarer å bruka. No styrkjer vi innsatsen på det øvrige jernbanenettet, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.Den foreslåtte tilleggsløyvinga skal nyttast slik: · 17 millionar kroner til å framskunda fornying av kontaktleidningsanlegg på Vestfold- og Sørlandsbanen. · 10 millionar kroner til førebuing av arbeid med å reinsa ballast (pukklaget under skinner og sviller) og fornya kablar på Østfoldbanen. · 13 millionar kroner til fleire