Ny bok om kvinnene i Rinnanbanden
Nesten ein fjerdedel av medlemmane i Rinnanbanden var kvinner. Idar Lind fortel deira dramatiske historie i ny bok. Sydama Ragnhild Strøm var den første kvinna som vart verva av Henry Rinnan til tysk teneste. Heilt frå Rinnanbanden vart etablert på nyåret 1942, spelte kvinnene ei sentral rolle. Nesten ein fjerdedel av dei drygt 70 medlemmene var kvinner. Fleire av kvinnene som gjekk inn i arbeidet for Rinnan, trudde dei gjorde ein heiderleg innsats for motstandsrørsla. Andre sympatiserte ope med fienden. I Kvinnene i Rinnanbanden fortel Idar Lind historia om kvinnene i banden av