Endringar i vegtrafikklova skal bidra til betre trafikktryggleik
- Vi skal betra trafikktryggleiken og ha nulltoleranse for køyring i narkotikarus, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.Føremålet med lovendringane er å betra trafikktryggleiken og leggja til rette for meir effektiv ressursbruk hjå politi, påtalemakt og domstolar. Lovendringane vil gi betre samsvar i vegtrafikklova mellom reglane om alkoholpåverka køyring og reguleringa av køyring under påverknad av anna rus enn alkohol. - Køyring under påverknad av andre stoff enn alkohol er eit monaleg trafikktryggleiksproblem og omfanget av slik køyring har auka dei siste 10-20 åra,