Nynorsk næringslivpris til Lerum AS
- Det er ei stor æra å bli tildelt næringslivsprisen frå Noregs Mållag.Me meiner nynorsken byggjer tiltru og identitet til merkenamn og produkta våre, seier Jan Petter Vadheim, administrerande direktør i Lerum AS.Nynorsk næringslivpris vart første gong delt ut i føremiddag i Bergen. ”Lerum AS er eit nynorsk industrieventyr. Prisvinnaren får nynorsken ut til heile landet”, seier juryen i si grunngjeving.Stolt av språket-I fire generasjonar har nynorsk vore språket vårt, og i Lerum-familien held me fast på tradisjonane. For oss ville det vore unaturleg å skrive bokmål. Nynorsk bidreg