Manger skule i Hordaland – best i vest i mjølkedrikking
24. september vert Verdas Skulemjølkdag feira i ei rekkje land over heile verda. I Noreg vert dagen markert ved å offentleggjere regionvinnarane i den nasjonale SkuleMjølkPrisen. I vest går prisen til Manger skule i Radøy kommune. Her er 9 av 10 elevar med i Skulemjølkordninga, mot vel halvparten på landsbasis.- Vi er svært imponerte over at Manger skule har heile 92 prosent oppslutning om skulemjølkordninga, særleg når vi veit at skulen også tilbyr elevane juice, seier Kjersti Selseth, konsulent på Skulemjølk ved Opplysningskontoret for Meieriprodukter.Som beste mjølkeskule i region vest,