Bertheussen ny direktør i Statens havarikommisjon for transport
Avdelingsdirektør William J. Bertheussen, Skedsmo, er i statsråd i dag tilsett som ny direktør i Statens havarikommisjon for transport. Han er 46 år og har arbeidd i Havarikommisjonen sidan 2005.- Med Bertheussen har havarikommisjonen fått ein direktør som har svært gode føresetnader for å leia Havarikommisjonen, og vareta kommisjonen si viktige rolle som undersøkingsorgan innan alle transportformene, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa. Bertheussen har yrkesbakgrunn frå Sjøforsvaret, frå Festspela i Nord-Noreg og frå stillingar innan turisme, før han i 2003 blei tilsett