Ny klageordning: Rettane til togpassasjerane vert styrkt
- Ei lovbasert klageordning for togpassasjerar er på plass frå og med i dag. Ordninga styrkjer rettane til passasjerane.Dette seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa i samband med at Statens jernbanetilsyn i dag tek fatt på oppdraget frå Samferdselsdepartementet med å vera klageorgan for togpassasjerar. Passasjerar skal kunna kontakta Statens jernbanetilsyn i dei tilfella der dei ikkje først får gjennomslag hos togselskapet. Tilsynet skal handsama saker som gjeld klager i samband med reiser med jernbanen og som vert omfatta av passasjerrettføresegna som gjeld frå i dag. -