Sogn og Fjordane pilotfylke for kunnskapskampanje
(Oslo, 13.01.2005) Vox, nasjonalt senter for læring i arbeidslivet, startar 17. januar ein kampanje i Sogn og Fjordane for å få fleire bedrifter til å ta i bruk kompetanseattest. Kampanjen er eit samarbeid med fylkeskommunen, og varar til 14. februar.Systematisk kartlegging av faktisk kunnskap er viktig for å styrkje omstillingsevna til bedrifter og den einskilde tilsette. Vox har utvikla eit system med kartlegging av kompetanse og bruk av kompetanseattest. Den viktigaste bodskapen vår er: Du har meir enn du trur. Du kan meir enn du trur. Pilotprosjekt Arbeidet blir etter kampanjeperioden