Kvinnherad Sparebank kjøper seg inn i SpareBank 1
Kvinnherad Sparebank kjøper seg inn i SpareBank 1 [11.05.06] Kvinnherad Sparebank har vedteke å knyta seg til SpareBank 1-alliansen. Banken blir del av eit samarbeid mellom 21 sjølvstendige sparebankar med over 300 kontor og filialar over heile Noreg. - Kvinnherad Sparebank skal også i framtida vera ein kundeorientert, sjølvstendig og attraktiv bank med lokal forankring til beste for privatpersonar og verksemder i marknadsområdet vårt seier adm.banksjef Åsmund Kåre Rørvik. - Derfor vel vi no å gå med i ein allianse som er tufta på dette prinsippet. For oss har det vore heilt avgjerande at