Ny løyveeining for godstransport og turvogner etablert i Lærdal: Nye reglar for løyvehavarane blir sett i verk etter nyttår
Statens vegvesens si nye nasjonale løyveeining i Lærdal vil frå 1. januar 2015 overta det administrative ansvaret for løyva for godstransport og turvogn. Hittil er det fylkeskommunane som har hatt dette ansvaret. Samstundes vil det internasjonale løyvet for gods- og turvogn (fellesskapsløyvet) også gjelde som nasjonalt løyve. I tillegg er det vedteke lov- og forskriftsendringar som har påverknad på dei som har eller søkjer om godstransport- og turvognløyve.– Det er positivt at vi no får eit regelverk som samsvarar med det ein har i Europa. Det seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen i