Styrkar kunnskap og forsking for næringslivet
Næringsretta forsking og kommersialisering, marin forsking, mineralnæringa og forenkling er blant hovudprioriteringane i Nærings- og fiskeridepartementet sitt forslag til budsjett for 2015.I alt foreslår regjeringa løyvingar på om lag 73 milliardar kroner over budsjett til Nærings- og fiskeridepartementet. Utanom lånetransaksjonar foreslår regjeringa løyvingar på om lag 11,5 milliardar kroner. Dette er ein auke på 350 millionar kroner, eller 3,1 prosent frå 2014. – Ny kunnskap og innovasjon er viktig for å skape framtidas bedrifter og trygge arbeidsplassar i Noreg. Derfor satsar vi på