E 39 Rogfast: Bompengar for å finansiere vidare planlegging og prosjektering
- Rogfast vil gi ferjefritt vegsamband på E39 mellom Nord-Jæren og Haugalandet og er eit svært viktig prosjekt for utviklinga av Vestlandsregionen.Dette seier samferdselsminister Marit Arnstad, i samband med eit forslag om førehandsinnkrevjing av bompengar for å finansiere vidare planlegging og prosjektering av vegprosjektet E39 Rogfast i Rogaland. Forslaget blei lagt fram i statsråd i dag. I forslaget gjer Samferdselsdepartementet det klart at det ikkje er lagt opp til at Stortinget skal ta stilling til prosjektet no. Departementet må komme tilbake til dette når det ligg føre