Ny ungdomskrim om kampen mot pelsdyroppdrett
Magnhild Bruheim klar med aktuell ungdomskrim der hovudpersonane kjempar mot pelsdyrnæringaHovudpersonen i Blod på hendene, Kami, er med i ei aktivistgruppe som nattetid tek seg inn på pelsdyrfarmar, for å avsløre industrien. Kampen mot pelsdyroppdrett får stadig breiare støtte etter kvart som media viser bilete av dyr som lir. Like etter ein aksjon blir Kami kontakta av ein ukjend mann som følgjer godt med på alt ho gjer. For henne blir situasjonen etter kvart meir truande. Samtidig får ei jente frå ein av farmane anonyme meldingar der det står: Du har også blod på hendene! Blod på