Enovastøtte til storstilt energiomlegging i Norges største kjøpesentergruppe
Amfi Drift har fått tilsegn om støtte frå Enova på 31 millionar kroner for å vidareføre energieffektivisering på 44 av kjøpesentra. Prosjektmålet er å gjere investeringar som gir ein energireduksjon og konvertering til fornybar energi på 40 GWh i løpet av dei tre komande åra. Amfi Drift vidarefører samarbeidsavtalen med Enøk-senteret om vidare satsing på energieffektivisering i kjøpesentra som Amfi forvaltar.Amfi ønskjer å drive si verksemd på ein samfunnsansvarleg måte, og er derfor svært opptatt med å redusera energibruken. Amfi er samstundes opptatt av å redusera energikostnadane for