Fireårig avtale med Buskerudbyen: Det skal lønna seg å styrkja kollektivtilbodet og redusera bilbruken
- Regjeringa er oppteken av å auka tempoet i arbeidet med å leggja om transporten i meir miljøvennleg retning. Derfor bidrar vi meir økonomisk og gir sterkare oppmuntring til dei lokale politikarane som ønskjer å ta dei framsynte, men ofte krevjande vala på tvers av kommune- og partigrensene. Desse vala er likevel naudsynte å ta for gi oss trivelegare og grønare byar.Dette seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa i samband med at Samferdselsdepartementet i dag har inngått avtale med Buskerudbyen om ei fireårig tildeling som kan innebera 280 millionar kroner for perioden frå 2010