Ferjesambandet Anda-Lote: Avgang kvart 20. minutt
Det blir 20-minuttsavgangar på ferjesambandet E39 Anda-Lote i Nordfjord seinast ved starten av neste anbodsperiode, 1. januar 2017. Det går fram av budsjettforliket for 2015.Ferjestrekninga bind saman kommunane Eid og Gloppen, og overfarten tek i dag rundt åtte minutt. På dagtid er det ein halvtime mellom ferjeavgangane. - Fleire avgangar gjer at folk treng tenkje mindre på rutetabellen. Avgangar kvart 20. minutt vil bety ein meir fleksibel kvardag både for folk og næringsliv, og vere eit løft for utviklinga i heile regionen, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen. I tillegg har